Me er tilhengjar av den gode matopplevinga, og lagar lokale, tradisjonsrike rettar frå botnen av.
Me brukar kjøt frå Selheim Gard og Generasjonsmat, handverksbakst frå Vossabakst, og fersk fisk frå Bergen.
Nyt det beste av middagar, bakst og kaker i vår nye, flotte kafé midt på Vangen!
PS: skal du ha eit lag eller arrangement, kan me ordna mat.
De kan anten leiga selskapslokale hjå oss med tilpassa meny, eller bestilla kaldtbord, smårettar, tapas eller kaker og få det frakta dit de vil.