Takka vera alle medlemmene våre i Voss Sentrum, og med støtte frå samarbeidspartnarar , er dette noko av det me gjer for bygda vår:

-          Sørgjer for belysning på Vangen i vinterhalvåret

-          Me pyntar Vangen til vår og sommar med mellom anna blomstrar

-          Engasjerer oss i relevante saker og prosjekt som påverkar sentrumsutvikling og medlemsbedriftene våre (Sentrumsplan, Bergsliparken, Prosjekt, Kompani L, Pepperkakebygda)

-          Me hjelp til for at andre arrangement, som me ikkje arrangera, skal ha den beste moglegheita for å lykkas og lagar aktivitet i sentrum.  

-          Me arrangerer: Smalahovesleppet, Moteshow, Bygdalaurdager (torgdagar), Jolegateopning,

-          Samarbeid og legg til rette for festivalar, kultur og interessentar som ønskjer å skapa aktivitet i sentrum (Lagar samhald, møteplassar og fasiliterer kompetansehevande kurs og arrangement for medlemmene våre).

-          Administrerer gåvekortordning som bidreg til at både bedrifter og privatpersonar investerer i lokal handel

Voss Sentrum

For verksemder på Vangen – og alle andre som ser verdien av eit levande sentrum, med lys i vindaugene, yrande folkeliv og tilbod som passar kundane.

 

-          Gratis deltaking på medlemsmøter og frukostmøter

-          Årleg oppfylgjing

-          Gratis deltaking på sommar- og vinteravspark for handel og reiseliv.

-          Gratis/ rabattert deltakning på alle Næringshagen sine arrangement

-          Næringshagen som pådrivar – me jobbar for interessene dine

-          Tilgang på Næringhagen sine nettverk, ressursar og kompetansemiljø (sterkt rabattert for medlemmar)

-          Nyheitsbrev

-          Rabattar på annonsering i Avisa Hordaland

-          Gåvekort frå Voss sentrum

-          Profilering og markedsføring i Voss sentrum sine kanalar

-          Moglegheit til å påverka og forma framtida til Voss sentrum